Kva er Jærvis

Jærvis er den fyrste KI-en bygd for jærsk dialekt. Dei store språkmodellane (GPT, Claude, Gemini) normaliserer jærsk til nynorsk. Jærvis gjer ikkje det — han held på dei doble konsonantane, den myke d-en, og ao-diftongen.

Kjerna i prosjektet er Dualle jillt, ordboka åt Bente Vigre, som me har fått løyve til å bruka som treningsgrunnlag. Ordboka er privat. Modellen er open (Apache 2.0). Koden er på GitHub.

Når du skriv noko, sjekkar me fyrst om det står i ordboka. Gjer det det, svarar me med Bente sine eigne ord. Gjer det ikkje, tek modellen over — han er trent på materialet hennar, så han prøver å halda seg til same dialektform.

Folka bak

Ordbok

Bente Vigre

Forfattar av Dualle jillt, den trispråklege ordboka (jærsk/bokmål/engelsk), og blogg- og podkast-verta for Jysla jillt. Utan Bente finst ikkje dette prosjektet. Ordboka er framleis hennar eigedom — me brukar henne med løyve.

Bygging

Laura Visuerte Almagro

Prosjektleiar og einaste utviklar. Data engineer og ML-forskar. Har skrive all koden, trent modellen, satt opp servarane, og ber ansvaret for kva Jærvis er og kva han ikkje er.

Tekstar

Tom Weum

Forfattar av Hagbart Sibelius-tekstane og stemma bak Jærbu Podkast. Me har løyve til å bruka 1 453 talespråks-segment frå hans arbeid. Desse ligg klar for neste retrain — dei er ikkje i modellen som er deployert i dag.

Tidslinje

  1. Mars 2026 Prosjektstart. Fyrste avtalen med Bente.
  2. 31. mars 2026 Bente gjev formelt løyve til å bruka ordboka som treningsgrunnlag.
  3. 2.–3. april 2026 Fyrste fungerande modell. Bente ser prøvesetningar og godkjenner.
  4. 8.–9. april 2026 Samanlikning av NorMistral og Mistral-Instruct. Mistral-Instruct vinn.
  5. 10. april 2026 Jærvis deployert på Hetzner i Helsingfors. jaervis.no er i lufta.
  6. 11. april 2026 Nettsida du les nå.

Vil du vita kor ordå kjem frå? →